Inviter dei inn!

 

Gruppeleiar for SV, leiar for Komite for Helse og Sosial i bystyret

Eg gjer leiaren for Straxhuset, Martha Bjørke, sine ord til mine. For på nytt handlar det om dei sprøytenarkomane i Nygårdsparken. Ja, eg seier sprøytenarkomane. Det er eit brutalt omgrep, men det å vera avhengig av heroinsprøyter fleire gonger om dagen, det er brutalt, det er øydeleggjande, helsefarleg, livsfarleg.

Bergen har 1500 injiserande rusavhengige. Det er forholdsvis like mange som i Oslo, og det er våre to byar i Noreg som har dette storbyfenomenet. Det er også våre to byar som har dei mest kjende utandørs, opne russcenane: Plata og Nygårdsparken. I Noreg injiserer dei heroinavhengige stoffet, i dei fleste andre land røykjer dei det. Dette er den umiddelbare grunnen til Noreg sine store overdosedødsfall, og difor prøver no både Straxhuset her i byen og hjelpeetatane i Oslo å snu dei mest avhengige over frå sprøyter til røyking. Det kan visa seg å vera livbergande, sjølv om det kan synast som eit lite offensivt tiltak. Men livberging er føresetnad nummer ein om ein rusavhengig skal redusera eller enda sin rusmisbruk.

Eit heilt bysamfunn fortvilar over Nygårdsparken: brukarar, pårørande, grannar, dei som arbeider i nærleiken, den jamne borgar – og bystyre og byråd. I Oslo fortvilar dei over Plata.  Men der Oslo-politiet med byrådets velsigning har valt å jaga dei sprøytenarkomane kvilelaust frå stad til stad, der har bergenspolitiet og byrådet i Bergen så langt erkjent at å jaga dei sprøytenarkomane fører ingenting godt med seg viss ein ikkje har noko anna å tilby dei. Og bergenspolitiet har prøvd før.

No synest det å lyda nye tonar frå politiet, kanskje applauderte av byrådet. Ei lukka arbeidsgruppe initierte av politiet skal ha kome fram til ulike tiltak for å få slutt på Nygårdsparken som Nord-Europas største russcene. Både BT og BA har hatt sine lekkasjar frå denne gruppa, medan komité for helse og sosial i bystyret, som i heile førre periode var svært offensive for rusfeltet, ikkje ein einaste lekkasje har fått. Dei pårørande og brukarorganisasjonane er også haldne utanfor, sjølv om dei sit med ein sviande spisskompetanse.

Politiet målber no at dei vil gjera ende på Nygårdsparken som marknadsplass. Når sant skal seiast, er vi mange som har sakna vedvarande offensive tiltak frå politiet når det gjeld Nygårdsparken som marknad. Dei seinaste åra har fleire og fleire utanlandske seljarar strøymt til Nygårdsparken, somme under dekke av å vera asylsøkjarar. Så er då den illegale handelen med narkotika heilt i verdstoppen av svart handel. Dei kan vi, i humanitetens namn, ikkje resignera for som bysamfunn. Men i humanitetens namn må vi heller ikkje stella oss slik som Oslo; at politiet som eit renovasjonsvesen regelrett jagar dei sprøytenarkomane rundt i byen.

Det er her leiaren for Straxhuset viser den humane vegen: «Viss vi ikkje vil ha dei utandørs, må vi invitera dei inn.» Vi må gjera mange andre ting også, men vi må invitera dei inn. Straxhuset må byggjast ut med eit breispektra helsetilbod som også tek i vare tryggleiken når sprøyter vert sette. Vi kan ikkje snu ryggen til dei narkomane når dei er på sitt aller mest utsette: når dei set sprøytene sine. Viss ikkje, går det liv tapte på grunn av ein slags moralsk forherdelse frå det styrande fleirtalet i Bergen. Det har vi ikkje råd til som humant samfunn – og det har i alle fall ikkje dei mest rusavhengige råd til – deira liv står på spel kvar dag.



Les også:

Tekst: publisert i Meninger Synspunkt — 29. november, 2011 at 10:45 | Ingen kommentarer