Dopoliti(kk)?

 

Gruppeleiar for SV, leiar for Komite for Helse og Sosial i bystyret

Det er på tide å få ein do-politikk. Viss det er for vulgært: Ein toalett-politikk – men det svingar ikkje så mykje av det finare omgrepet. Dessutan, når det kjem til realitetane, trur eg det er best å seia dopolitikk. Kanskje trengst det dopoliti også.

«Kvifor skin kjøpesentra, men ikkje skulane?» Spørsmålet kom for eit lite tiår sidan frå SV-leiar Kristin Halvorsen. Det var ei god samanstilling. Då eg vart leiar av Oppvekstkomiteen i bystyret i 2003, måtte komiteen straks på synfaring til Fridalen skule, bygd i 1939 og nedleggingstruga av Monica Mæland i hennar fyrste byråds kveitebrødsdagar. Fridalen skule var i si tid bygd som bydelens Soria Moria: I 1939 må Fridalen skule ha skine som eit eventyrslott og fortalt både skuleungar og vaksne kor viktig skule og utdanning var for den oppveksande slekt og heile samfunnet.
Bergensskulen 2012 skin ikkje. Det vil seie, det er heldigvis ikkje sant for alle bergensskular. Men det er sant for altfor mange. No må ungane ved Landås skule bussast til andre skular, etter at byrådet og Høgre, KrF og FrP neglisjerte, og gjorde om, bystyrevedtaket frå 2006 om å reisa ein tidsmessig Landås skule. Eg hugsar godt korleis Landås skule såg ut – i 2003/04 og i 2006.

Ein treng ikkje vera (dotter av ein) snikkar for å sjå dei skrikande forsømmelsane og vedlikehaldsbehova. Jo, eg hugsar mursteinane og – pussen som datt ned frå Fridalen skule også. Og eg hugsar nye-bygget på Bjørndalsskogen skule, arkitektprisa, ja vel, men myggel-befengt og med lekkasjar i kø på grunn av arktiektur og byggjemåtar alldeles uhøvelege for vestlandsklima. Skinstø skule på same vis. På Møhlenpris skule gjekk eg etter lukta, eller sneken, og kom fram til do, ja vel, toalettet då. Og doane på Nordnes skule vart ei mediesak for seg. Der tok tøffe ungar, med Emma i elevrådet i spissen, tak – og doane vart ordna. På Christi Krybbe skule nokre år tidlegare vart partileiaren min teken handfast i armen og handa av insisterande jenter ; ho fekk ikkje lov å gå før dei hadde vist henne doane. Det var etter det at Kristin Halvorsen framheva at det trongst ein dopolitikk for norske skular.

Då dei raud-grøne tok over etter høgre-styret i Trondheim i 2003, mangla over halvdelen av skulane inneklima-godkjenning. No er alle skular i Trondheim inneklimagodkjende, somme rett nok mellombels, men like fullt: Inneklimagodkjende. Og eg trur ikkje det skal finnast sopp i Trondheimsskulen. I Bergen vantar framleis over 20 skular inneklimagodkjenning. I Trondheim har det raud-grøne styret i år etter år brukt ein million kroner per dag på opprusting og bygging av skulebygg. Dei verdset vaktmeistrar og vedlikehald på ein heilt annan måte enn byrådet og bystyrefleirtalet i Bergen. Eg har ikkje forhøyrt meg om dokvaliteten og dopolitikken i Trondheim. Eg har i grunnen ikkje sett at det blir spurt om den slags i offentlege statistikkar over dette og hint heller. Do-strategi er ikkje eit omgrep som finst i politisk vokabular. Men kanskje kan norske kommunar målast så enkelt: Vis meg do-standarden din, og vi veit kva kommune du er?



Les også:

Tekst: publisert i Meninger Synspunkt — 18. januar, 2012 at 12:39 | Ingen kommentarer