Det er nok bønder i byn!

Gruppeleiar for SV, leiar for Komite for Helse og Sosial i bystyret
Kvar dag vert det seks færre gardsbruk i drift her i landet – og 2000 i året. Det betyr ikkje at jorda automatisk vert lagd brakk. Ofte er det grannar som tek over jorda som tilleggsjord, så jorda vert halden i hevd. I alle fall ofte. Men ikkje alltid. Vi skal ikkje køyra mykje i landet før vi ser dei nedlagde gardsbruka. Og uansett, med ein bonde færre misser vi nok ein dedikert forvaltar av jord og landskap. Heller ikkje er det alle stader som høver for storskala landbruk, og slett ikkje industrilandbruket, slik vi ser tendensar til på norske flatbygder og i alle fall i andre land og på andre kontinent.
Jorda i Afrika er under det vi må kalla kolonialisering. Saudi-Arabia, Vietnam og Kina har alt fått hand om den billegaste og beste jorda i fleire land. Det er tale om mange millionar dekar. Matkrise er eitt av dei fremste trugsmåla verda står overfor, og her er det land som praktiserer «føre var»-prinsippet, om enn på ein heilt annan måte enn den «berekrafta» som Brundtland-kommisjonen i si tid introduserte. Det handlar om å bu seg til krigen om maten.
Det finst makt i matproduksjon – og pengar. Men ikkje nødvendigvis for bøndene. Det har vi sett siste vekene etter at både Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og småbrukarlag braut forhandlingane med staten. 2,2 milliardar var bondeorganisasjonane sitt krav for at bøndene skulle kunna ta att noko av si mindre-lønsutvikling. Det er pålag same sum som Reitangruppa sitt årlege overskot i 2010 og 2011. Aldri har vi i Noreg brukt så lite av inntekta vår på mat. 11 prosent er siste talet eg har sett. Berre for nokre tiår sidan brukte vi halvedelen av inntekta vår på mat. Den billege maten har gjort at vi som samfunn ikkje verdset maten nok og ikkje kvaliteten på mat nok. Men den billege maten har sin pris, seier skribent og veterinær Anne Viken: «Det er ein grunn til at mat vert billeg. Det kjem av sosial dumping, låg etikk og låg kvalitet i produksjon. Pengar spart for supermarknadene og konsumentar. Mange av medisinane som vert nytta på dyr, har dei same verksame substansane som det du blir behandla med om du sjølv hamnar på sjukehus. Kvart år døyr 25.000 menneske i EU som ei følge av antibiotikaresistens. Og nei, dette er ikkje eit skrekkscenarie. Dette er konsekvensane av billeg matproduksjon.» (Dagbladet 22. mai.)
Eg romantiserer ikkje småskala jordbruk. Til det har eg for nær tilknyting til nett det. Men eg veit kor verdfullt det er at bonden har sjela si i dyrehald og matproduksjon. «Frittgåande» høns for meg er ikkje høns som går fritt i ein industrihall. Frittgåande høns er dei som går fritt ut og inn av hønsehuset som dei gjer det på garden til Geir Arne heime i Åkrafjorden. Ein skal ikkje juksa med frittgåing!
Poenget mitt er: Det er vi som ikkje er bønder som treng bøndene mest. Det er vi som skal eta maten som treng at dei som dyrkar den har kjærleik til det dei gjer. Då må dei bli verdsette av storsamfunnet – og av staten som forhandlingsmotpart. Vi treng bøndene til å dyrka maten vår – for det er nok sentraliserte bønder i byn.
Les også:
Tekst: Oddny I. Miljeteig publisert i Meninger Synspunkt — 1. juni, 2012 at 12:34 | Ingen kommentarer
